Boksleppet gjekk som forventa. Trass farsdag og andre arrangement på same tid var frammøte godt. Etter ein times program, kunne utlevering av tinga bøker og salg ta til. Den tredje boka i serien Uskedalen – den nære fortida har eit opplag på 600 eks. Halve opplaget er alt ute. Bilete på topp syner skriftstyret og kasseraren. F.v: Ståle Eik, Astrid Haugland, Harald Sætre, Svein Rimestad og Thor Inge Døssland. Torkel Stensletten er også medlem i skriftstyret. Han var ikkje med då bilete vart teke. For dei om ikkje hadde høve til å koma i Helgheim, vert det lagt opp til henting og sal slik:

Bjøgulv Eik, Hans Gustav Mussland og Ståle Eik framførte visa Originalane, skriven av Olaf Agnar Gausvik. Det er video av dette innslaget på Uskedal Historielag si facebook-side.
  • Tysdag 12. novmber: kl. 11 til 13 på Kafe Tiaren
  • Fredag 15. november: kl. 15 til 17 på SPAR
  • Laurdag 16. november: kl. 10.30 til 13.00 på SPAR

Styret i Uskedal historielag takka skriftstyret for godt og grundig arbeid. Sponsorlista vart lesen. Åse Neset og Jofrid Eik sytte for at alle fekk god kaffi og nysteikte lappar. Takk.

Det var fullsett sal og god stemning under boksleppet.
Det var travelt på Ståle og Thor Inge som stod for utlevering og salg.
Uskedal Musikklag framførte mellom anna Uskedalsvalsen med tekst av Svein Rimestad, tone som Vigelandsvalsen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Harald Sætre/Kristian Bringedal