Den første boka i serien om Uskedalen si nære fortid er no i trykkeriet, og det er planlagt bokslepp i Gamleskulen lørdag 5. november kl.12. Skriftstyret vil gje ein kort presentasjon av arbeidet med denne boka og dei framtidige bøkene. I tillegg blir det kort informasjon om andre sider ved arbeidet i det relativt nyskipa Uskedal Historielag. Til innleiing blir det ein liten musikkavdeling med dei aktive musikarane i Veteranbandet i musikklaget. Dei som har kjøpt bøker på førehand, kan koma og få utdelt bøkene sine. Historielaget håpar at svært mange av desse har høve til å komma. Sjølvsagt blir det også salg av boka der. Den kostar 300 kr, og det blir mogeleg å betala med vipps eller kontantar.

Skriftstyret f.v.: Svein Rimestad, Thor Inge Døssland, Harald Sætre, Torkel Stensletten og Astrid Haugland.

Boka har eit svært variert og interessant innhald så det bør vera noko for alle sin smak. Mykje byggjer på samtalar med eldre og personlege minne. Desse samtalane har vore særdeles interessanne, og forfattarane håpar å klara å formidla noko av dette til lesarane. Historiene er i hovudsak frå dei siste 80 åra, og dei fleste vil nok kjenna att namn som er nemnde i forteljingane. I boka kan de lesa om:

  • Sunnhordlandsmeisterskapane i friidrett på Heio
  • Første firhjulstraktoren i Uskedalen
  • Sverremann og alle sydamene
  • Skreddarane Jakob Myklebust og Kjell Yri
  • Bakarane Hansen og bakeriet på Vikjo
  • Odden på Neste – Uskedalen Dampbakeri
  • H. Sætre Bakeri
  • Minne frå handballaget i Uskedalen
  • Personelege minne frå evakueringa under krigshandlingane
  • Evakuering av mor og nyfødt barn i varebil
  • Gutta frå Gutteklubben Gordon
  • Raset på Kjerland og Andreas Anderson Fet
  • Utviklinga av rutbåtsferdsla i Hardanger og Sunnhordland og rutebåtkaiane i Uskedalen
  • Skotårsfesten i 1948
  • Ein jonsokkveld
  • Havariet på Sletto
  • Fjordbåten “Nøkk”
  • Skyssbåten “Stella”
  • Skisport for 80 år sidan
  • Sjøtun – med snikkarvekstad og møbelsnikkeri
  • Reveoppdrett – viktig attåtnæring for bønder og småbrukarar

I arbeidet med boka har vi hatt eit svært godt samarbeid med Salikat Design v/Åslaug Snilstveit som har gjort eit svært godt arbeid med oppsett og produksjon av boka. Vi er også svært godt fornøgde med samarbeidet med Renesannse Media som står for trykkinga.

Arbeidet med komande bøker er alt godt i gong. For at dei skal bli så gode som mogeleg, treng skriftstyret hjelp frå fleire. Både skribentar, tips om tema og minne er viktig. Bilde er også heilt avgjerande for eit godt resultat. Har de bilde som kan vera til hjelp, ta kontakt. Vi låner og skannar. Mest alle mogelege tema kan vera aktuelle. Ein kort epost med nokre punkt eller eit bilde er svært inspirerande hjelp til skriftstyret i arbeidet.

Vi kjem med meir info her på sida og på facebook-sida til Uskedal Historielag når boksleppet nærmar seg.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland