Førehandsalg av “Den nære fortida 3”

Førehandsalget av den 3. Uskedalsboka i serien “Den nære fortida” på nett har hatt ein særs oppløftande start. Komande laurdag ser vergudane ut til å vera i godt lag, og då vil Uskedal Historielag ha boksalgsstand utanfor Spar Uskedalen. Der blir det høve til ein god lokalhistorisk prat i tillegg til å førehandskjøpa bok 3, og kjøpa dei to tidlegare bøkene og medlemsskap i historielaget.

Utforminga av den komande boka er no på det næraste klar hos Salikat Design v/Åslaug Snilstveit i Rosendal. Etter det er det klart for ei siste korrekturlesing før det er finpuss og sending til trykkeriet. Boka blir nok litt tjukkare enn dei to føregåande, og det har vore fleire kjekke bilde å velja i. Skriftstyret er svært fornøgde. Innhaldet er svært variert. Ein finn både historie frå Skorpo, om 5 overnattings- og serveringsstader i bygda og storarrangementet Strandstafetten gjennom meir enn 25 år. Det folkerike og livelege livet ved Mannsvatnet i tidlegare tider er breitt dekka. Elles er det stoff om både kraftverk, vassverk, skogsdrift, tippehuset, hermetikkindustrien og dei optimistiske uskedelingane og matringane som skulle byggja veg på dugnad frå Øvre Musland til Matre med hest og handamakt. Og meir til.

På standen på laurdag kan ein betala med kontantar eller vipps og kan kjøpa følgjande:

  • Førehandskjøp av Bok 3 til introduksjonspris: 250,- for kvar bok. Introduksjonstilbodet varer til 15. oktober.
  • Førehandskjøp av eitt eksemplar av Bok 3 til medlemspris: 150,-
  • Kjøpa medlemskap i Uskedal Historielag 2024: 200,-
  • Kjøpa Bok 1 og/eller Bok 2: 300,- for kvar bok.

Viss ein ikkje har høve til å komma på standen, går det veldig fint å kjøpa bøker eller medlemskap ved å betala rett sum til vipps 76 38 03 eller til konto 3207.37.52026, og avtala henting. Hugs å skriva på meldinga kva summen gjeld. Viss ein ønskjer bøker tilsendt, må ein hugsa fullstendig adresse og betala 90,- kr i tillegg.

Bok 3 er klar til levering på boksleppet i Helgheim 10. november. Bøker som skal sendast, blir sendt ut omtrent på same tida.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland