Laurdag frå kl.11 og utover er det mogeleg å få kjøpt lokalhistorieboka for Uskedalen “Den nære fortida” på Spar Uskedalen. Dei fleste av dei førehandskjøpte bøkene er no henta, men viss det er nokon som ikkje har henta bøkene sine, kan også det gjerast. Skulle nokon til og med ønskja signatur frå nokon i skriftstyret, blir også det ordna.
Salget har til no gått forrykande, og tilbakemeldingane har vore veldig kjekke! Spesielt er det kjekt at mange av den yngre garde også har gitt uttrykk for at dei syns det har vore interessant å lesa boka. Denne boka passar for lesarar i barneskulealder og opp til dei eldste! På bildet ser vi John Skogtun som sikrar seg boka.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Harald sætre