Etter synfaring med arboristen Bratseth i oktober vert det rådd til å fella to bøketre på Bygdetunet Rød. Synfaringa var saman med representantar frå Kvinnherad kommune og Statsforvaltaren. Målet med synfaringa var å vurdera risiko og tilstand på gamle tre som ved rotvelte kan gjera stor skade på eldre bygg. Bøketrea på Rød ligg tett på stovehuset og utgjer ein fare på bygningsmassen. Så langt uskedalen.no kjenner til vert bøketrea skorne ned alt i komande veke. Det er eit stort inngrep som vil gjera tunet nake. Fellinga har ikkje noko å sei for den freda Eikjo frå sein mellomalder. Det er tankar om å planta tre valnøttre på tomta der bøketrea står i dag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Kvinnheringen