Bøkene er på plass. Minner om bokslepp i morgon.
Onsdag kom endeleg storsendinga med bøkene i Uskedal Historielag sin serie “Den nære fortida” til bygdars. Dermed er alt klart for boksleppet i Gamleskulen i morgon, laurdag kl. 12. Der kan dei som har førehandskjøpt bøker henta bøkene sine, og i tilleg blir det salg av boka for dei som ikkje alt har sikra seg den.
Dei som har eldre bilde, blir oppfordra til å leggja dei i ein konvolutt, gjerne saman med opplysningar/namn, og ta dei med til skriftstyret. Dei kan då låna dei og skanna dei før dei blir levert tilbake.
Det blir også informasjon om arbeidet i historielaget til no og framover og musikk ved veteranane i musikklaget.
Gamleskulen blir open for boksalg nokre timar utover, i alle fall til kl.15.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.