Det nyskipa Uskedal Historielag er alt klar for utgjeving av årboka Den nære fortida. Eit eige skriftstyre er ansvarleg innsamling av stoff, skriving og trykking. Salikat Design står for det grafiske. Boka vert på 150 sider i eit format på 17X24 cm i soft cover. Opplag: 600. Styret er takksam for støtte til prosjektet. Det kan vera ved sponsormidlar med ein minstesum på kr. 2.000,- og verksemda di kjem på ei helsingsliste bak i boka. Ved førehandssal er det godt sal av boka. Kvinnherad kommune har løyvd kr. 25.000,-. Det vert søkt gåve frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad. Eit evt. overskot ved sal, gåver, sponsormidlar m.m. vil vera ein kapital for å sikra vidare arbeid med neste bok i 2023. Kan dette vera noko for verksemda di ? Gje oss ei tilbakemelding og vi føl opp med konto og meir informasjon. Send melding til styret v/ Kristian Bringedal ( 915 31 487 ). E-post: kristian.bringedal@gmail.com

Tekst/foto: Uskedal Historielag
Nett: Kristian Bringedal