Til hausten kjem boka om Gunnar Røsseland (1912–1981) og etterkomarane hans. Til saman dreiv han og sonen Håkon entreprenørverksemd i Kvinnherad i kring 65 år og var såleis sentrale i oppbygginga av det nye husnessamfunnet frå 1960-talet og utetter. Men firmaet hadde også oppdrag andre stader på Vestlandet, samt i gruvesamfunna Svea og Longyearbyen på Svalbard i fleire periodar, der blant andre Jarleiv Eikeland frå Uskedalen var med. Bilete syner den fyrste maskina Gunnar Røsseland kjøpte frå eit firma på Jæren i 1951. Boka kjem ut på forlaget SKIMTVIS.

I boka reflekterer også dei tre barna til Kari og Håkon om si tid i familiefirmaet, og om konkursen i 2016. Det var både vondt og vemodig på
ein gong. Fleire andre tilsette fortel òg om livet i entreprenøryrket gjennom mange år. «Vi var som ein stor familie, og var stolte over både yrket og arbeidsplassen vår», blir det sagt i boka. Svært få, om nokon, slutta frivillig i firmaet viss ein først hadde fått seg jobb der. Røsseland-namnet er så å seia hogge i stein, og er ein viktig del av vår nære historie.

Bulldosaren på toppbilete tilhøyrer Asbjørn Olsen i Uskedalen og er heilt lik Røsseland sin første «skikkelege» gravemaskin. Biletet er frå Helland på Husnes, då Postvegen blei opna. Boka er under produksjon og er planlagt å koma ut i slutten av august. Her er mykje lokalhistorie, som er viktig å ta vare på.

Jarleiv Eikeland, opprinneleg frå Valen, men no busett på Eik i Uskedalen, fortel interessant og levande om si tid som anleggskøyrar i firmaet.

Tekst/foto: Kristian Hus
Nett: Kristian Bringedal