Framleis mogeleg å kjøpa til introduksjonspris.

I dag var det siste møtet mellom Åslaug Snilstveit i Salikat Design og skriftstyret om den andre boka i serien “Den nære fortida” før den blir sendt til trykkeriet. Det var berre snakk om små justeringar så trykkeriet vil ha filene til boka seinast over helga. Trykkeriet blir det same som i fjor, men det har no namnet LOS Digital AS. Dei held til i Larvik. Dermed blir det dei same to samarbeidspartnarane som med boka i fjor.
– Det var opplagte valg, for vi var svært fornøgde då, uttalar skriftstyret til uskedalen.no.

Både skriftstyret og Åslaug Snilstveit har svært god grunn til å vera fornøgde med årets bok som dei synes er blitt både tiltalande og interessann. Dei fekk særdeles mange kjekke tilbakemeldingar i fjor, og kan med god grunn håpa at lesarane vil lika denne boka minst like godt. I tillegg er den på rundt 20 sider meir med svært mange kjekke bilde. På bilda vil lesarane kjenna att mange personar. På bildet over ser vi Astrid Haugland og Svein Rimestad studera sider med skuleminne frå Haugland Skule saman med Åslaug Snilstveit (i midten).

Fram til 15. oktober kan alle kjøpa boka til førehandspris på 250,- kr. Betalande medlemmer i historielaget får den 50,- kr billegare. Etter 15. oktober blir prisen 300,- kr. Det er enkelt å gjera ein handel. Det er berre å betala rett sum til vipps nr. 76 38 03 eller til kontonr. 3207.37.52026 og merka kva det gjeld. Viss boka skal sendast, blir det eit tillegg på 90,- kr, og då må ein hugsa å skriva fullstendig adresse. Om nokon vil betala kontant, kan dei berre ta kontakt med ein i skriftstyret.
Dei same betalingsmåtane kan brukast om ein vil kjøpa bok nr. 1 (300,- kr) eller teikna medlemsskap (200,- kr). Ved teikning av medlemsskap må ein hugsa å oppgjer epostadresse.

Boksleppet blir 4. november. Då kan førehandkjøpte bøker hentast.

Arbeidet med bok nr. 3 i serien “Den nære fortida” er alt godt i gang. Den kjem hausten 2024.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland