No let det seg gjera å få 98 bensin på bunkringsplassen på Sandakaien. Gunn Mari Moberg på SPAR fortel at ein har slutta med blyfri 95 E10, då det var mange som ikkje kunne bruka den på båtmotorane. Det har i alle år vore mogeleg å få farga diesel og blyfri 95. Når blyfri 95 fekk høgare etanol innhald, var det mange som ikkje kunne bruka den lenger. Difor har ein no gått over til å selja blyfri 98 og farga diesel.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal