Gode eplevener! Den flottaste tida på året er her endeleg. Førre år hadde vi, som de gjerne hugsar, ein svært dårleg sesong med lita avling og eit voldsomt åtak av rognebærmøll. Etter bløminga å dømme ser det lovande ut for årets sesong, og vi kryssar det meste for at det vert ein fruktbar haust.Vi håpar det går vegen, og gledar oss til å sjå dykk att.

Det er mykje blom på trea og flotte hagar om dagen, men det er ikkje dermed sagt at det nødvendigvis vert mykje og fine eple av den grunn. Det er avhengig av god bestøving og at vêret ikkje gjev oss nokre alt for store overraskingar

Tekst/foto: Bjørnar Eik - Eple frå Steinsletto.
Nett: Kristian Bringedal