Plassen ved avkøyrsla til Kalkstasjonen vert mykje brukt av turgåarar, fiskrar og andre. Hin dagen hadde uskedalen.no fokus på den nye parkeringsplassen som kjem straks over brua. Plassen på utsida av brua med infortavle, bord og benker treng tilsyn og vedlikehald. Plakattavla vart i si tid montert av det som den gongen hadde namnet Uskedal Grunn- og eleveiegarlag ( No: Uskedal Elveforvaltning ) Infotavla vert framleis brukt til informasjon om fiske og elles det som har relasjon til fjellet og turgåing. Tavla kan enno brukast, men må rettast og pussast opp. Bordet med benk må reparerast. Det er ein liten jobb, men fyrsteinntrykket er viktig når du kjem og startar turen til noko av det vakraste Uskedalen har å visa fram.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal