Skulemusikken inviterer til konsert i båthamna.

I dette nydelege veret blir det reint idyllisk når vi kan kombinera fine musikkopplevingar med soling og bading i båthamna onsdag i kveldinga. Uskedal skulemusikk har dei siste åra innført ein flott og stemningsfull tradisjon når dei har avslutta sesongen med sommarkonsert i båthamna. I år er konserten onsdag kl.17.30, og det er vel ikkje mogeleg å få betre rammer for musikkstunda enn det som det ligg an til no; – med dette strålande veret i dei vakre omgivelsane.
På konserten blir det både fellesnummer med heile korpset og, som vanleg, solistnummer med einskildmusikarar og mindre grupper. Det blir veldig kjekt, så møt opp!!
På bildet ser vi finmessinggruppa under sommarkonserten for to år sidan i god pandemiavstand.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland