Måndag 1. mai vert det sykkelrebus i Uskedalen. Vi håpar at både små og store har lyst til å delta. Det vert påmelding på skuleplassen frå kl.11-12. Løypa går rundt dalen, og ein skal svara på 12 postar undervegs. Ein vel sjølv om ein ønskjer å gå, sykle, gå på rulleskøyter…eller liknande.

Sykkelrebus er GØY for heile familien. Her er fam. Yri/Røssland ved ein post på Døssland for nokre år sidan.

Når ein kjem tilbake til skuleplassen blir det sal av kaffi, saft og kaker. Det vert også premieutdeling til 1., 2. og 3. plass. Her kan ein vinna flotte premiar frå lokale bedrifter. Premieutdelinga vert kl. 13.00.

Håpar mange har lyst til å ta turen rundt dalen denne dagen. Det er også kjekt om ein berre ønskje komma til skuleplassen for å slå av ein prat med sambygdingar, eller kjøpe kaffi og kake.

Gøy for store og små!! Her ved ein post ved Tverrelva.
Tekst: Solveig Haugland
Foto: Plakat og arkivfoto
Nett: Thor Inge Døssland