
Bjørnevik blir ordførar. Thea Vaage varaordførar.
Høgre, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre har sett saman og teke ansvar for eit styringsdyktig fleirtal i Kvinnherad kommune. Ordførar blir Vegard Bjørnevik frå Høgre. Varaordførar blir Thea Vaage frå Arbeiderpartiet. Forhandlingane om posisjonar i Formannskapet og utvala er igang. Med heile seks representantar frå Uskedalen kan vi venta fleire av dei i sentrale utval. Det er forhandlingsutvalet med Synnøve Solbakken og Leif Sverre Enes som melder dette i ei pressemelding.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal