Bjørn Olav Tveit er nr. 6 på AP lista. Magne Huglen nr. 26. I innstillinga frå nominasjonsnemnda var Tveit inne på fast kumulert plass. Etter benkeframlegg fekk Per Harald Havnen Løfgren denne plasssen og dermed kom Bjørn Olav lenger ned på lista. Thea Vaage og Løfgren er begge kumulerte noko som gjer at ei røyst på kvar av dei tel som 1,25. Bjørn Olav Tveit er rektor i Rosendal og er ein profilert person, mellom anna med viktige tillitsverv og oppgåver frå Lærarforbundet og frå frivillig arbeid, som t.d. Festidalen. Magne Huglen har vore folkevald i ein periode før. Pr. dag har han fast plass i Eldreådet. Slik vi ser det må Tveit rekna med fast plass i kommunestyret.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto