Bjørn Olav Tveit er søkjar til stillinga som oppvekstsjef i Kvinnherad.
Bjørn Olav Tveit ( 49 ) frå Uskedalen er ein av fem søkjarar til stillinga som oppvekstsjef i Kvinnherad. Tveit er i dag rektor ved Rosendal skule, noko som inneber at han har det overordna leiaransvaret for Rosendal ungdomsskule og Malmanger skule. Han har vore rektor i 8 år. Før det var han hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Kvinnherad. Sjå namna på dei andre søkjarane:
- Carolina Falck Mercadal ( 44 ) – einingsleiar frå Bergen
- Heidi Anita Solheim ( 52 ) – rådgjevar frå Kvinnherad
- Inger-Elin Nesheim ( 40 ) – lektor frå Kvinnherad
- Wenche Nilssen ( 47 ) – servitør frå Bodø
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto