Bjørgulv Eik markerte 93 årsdagen saman med familien, musikklagsmedlemer og andre vener i kveld, 11.11. Han vart møtt av tonane til Jubilant March då han kom inn døra til øvinga. Etter halv øving kom familien til Stemneplassen. Dei hadde førebudd storveis bursdagsfeiring. Øvingslokalet blei i ein fart omgjort til festlokale pynta med blomar og servietter på langbordet, fint service og sølvbestikk.

Slekt, musikklagmedlemer og andre vener samla til å markera Bjørgulv 93 år.

Det blei først bore fram nydelege smørbrød, og etter at jubilanten hadde ført an i bordverset Tyttebæret oppå Tuva, kunne dei flotte smørbrøda nytast. Fleire musikarar hadde ordet og viste kor stor pris dei det på nestoren i korpset som byrja i musikklaget i 1948, for 77 år sidan. Nydelege kaker blei bore fram. Gjestene nytte verkeleg denne stunda som døtrene Solbjørg, Jofrid og Kjellrun stelte i stand og overraska korpset med.

Solbjørg og svigerson Atle kom frå Bergen etter at ho hadde vore på jobb til kl. 15. Dagen etter venta tidleg avgang tilbake for å nå jobb. “Dette måtte vi jo ha med oss”, sa eldstedottera. Ja, det var absolutt verd det. Dette er noko både musikantane og dei andre kjem til å minnast med stor glede.

Tekst/foto: Thor Inge Døssland
Nett: Kristian Bringedal