Kjære grendafolk !

Drifta av Vonheim har «halta og gått» dei siste åra.  Delvis på grunn av pandemien, og delvis på grunn av andre forhold. For tida, så er der ikkje eit valt styre for Vonheim. 
Reglane seier at styret skal bestå av 5 medlemmer, og det skal vere årsmøte med val – kvart år i januar. Pr i dag så er det eit, det vi kan kalla, «fungerande» styre, med 2 medlemmer som vart valde på det siste årsmøtet for ein del år sidan, samt to-tre frivillige hjelparar.

For å få det formelle i orden, så kallar vi no grenda inn til eit ekstraordinært årsmøte :
Søndag 2.oktober 2022 – kl 16.00 i Vonheim

Saker:
– Orientering om huset, og kva som er gjort siste tida
– Val av 5 medlemar til styret (vi har kandidatar som er spurde, og har sagt seg villige til å vere med).
– Rekneskap
– Evt andre saker

Vi ber om, dersom de har saker til det ekstraordinære årsmøtet, at de sender dei til ein av oss – innan 25.09.22

Så tenkte vi også at vi ville ha det litt ekstra kjekt når vi først var samla i grendahuset, og difor vil vi også lage til ein liten BINGO – for store og små – samt servere kaffi og kaker.

Beste helsing
fungerande styre v/

Åshild Haukenes             –  tlf 466 23 422
Tone Huse Kristoffersen –   «   977 71 429
Tore Mathiesen               –   «   938 39 445
Møyfrid Kristoffersen     –   «   906 06 517

Foto og nett: Thor Inge Døssland