Det er ikkje så ofte vi ser ein Bindalsfæring på fjorden i Uskedalen, men i helga var Bjarne Lilleaas på rotur med det som rekna som den minste av Nordlandsbåtane, færing frå Bindalen. Færingen har vore i slekta til Mette Lauvsnes frå Lauvsnes i Nord Trøndelag. Øren Transport frå Høyanger hadde oppdrag nordpå og tok båten med sørover. Slik kom færingen til Uskedalen.

Nordlandsbåten er dominert av tre geografiske byggeområde,- Salten, Rana og Bindalen. Særmerke er høge og rette stavnar og fargelagde striper langs ripa. I Bindalen og Rana bygde dei båtar i gran. Det var det treslaget som var på plassen. I Salten, som på Vestlandet, vart furu brukt. Treslaget gran gjer at Bindalsfæringen er lett og dermed lettrodd, noko vi fekk sjå då Bjarne fossrodde og farten auka kraftig,

Færingane vi fin i Uskedalen er stort sett av typen Oselvar eller Strandebarmar, i tillegg til Hardangerfæringen. Send oss tips dersom det er robåtar frå andre landsdelar, på sjø eller i naust. I naustet på Bøkkeren er det til dømes lagra ein Åfjordsfæring som i si tid var ei gåve frå Henny og Dag Helland til samlinga på Rød.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal