Bilane ved Coopen i 1993 - kven eig sykkelen.
Lars Wang kan meir enn å køyra buss. Han har over mange år vore ein ivrig amatørfotograf. På turane sine har han fanga motiv som i dag er ein viktig del av vår kulturhistorie. Les meir og du vert kjend med bilane ved Coopein ein dag i 1993. Men, kven sin sykkel er komen med på bilete, spør Lars Wang. Vi har vald å leggja bilete både på topp og nede i teksten. Det gjer vi for å få med HSD bussen til høgre i bilete.
- Blå/grå Mitsubitsi var Valle sin bil. Meiner han jobba der ei stund. Valle køyrer drosje i Omvikedalen i dag.
- Den lyse / beige kassabilen, Mitsubitsi, blei brukt til å kjøra ut varene til S – lags kundane.
- Godsbilen, MAN 19 – 281. Den kjørte eg i 7 år. Bergen – Kvinnherad -Mauranger – Gjætingsdalen.
- Den kvite Toyota Hiace`en, meiner det var Sunde Bakeri sin varebil ? Meiner Jan Eik jobba der.
- VW Bobla, lyseblå metallik, var Leohnard Eik sin bil.
- Leif Haugland (Larsa Leifen) sin Opel Ascona, 1982 modell.
- HSD buss, var sikkert i rute til Sunde
Har du merknader til dette bilete eller meir informasjon, ta kontakt med Lars Wang eller med Uskedal historielag.
Tekst: Kristian Bringedal/Lars Wang Foto: Lars Wang Nett: Kristian Bringedal