Bente Lie Nilsen er tilsett som ny dagleg leiar for Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad frå 1.september. Ho overtar stillinga etter Daniel Morso. Stillinga er ei åremålstilling, og ho er tilsett for 5 år. Bente er godt kjent her i Uskedalen som mangeårig dagleg leiar av Spar Uskedalen. I den stillinga slutta ho for vel eit år sidan då ho overlet leiinga av butikken til Gunn Mari Moberg og Kjersti Nilsen Børve. På bildet over ser vi Bente(t.h.) saman med dei. Det er henta frå då uskedalen.no skreiv om leiarskiftet.

Sparebankstiftinga ved styreformann Svein Arne Eidsvik har sendt ut ei pressemelding i samband med tilsetjinga, og dei skriv at Bente Lie Nilsen vil tre inn i stillinga som dagleg leiar frå 1.desember 2021. Vidare står det i pressemeldinga:

“Bente har lang og brei erfaring som daglig leiar ved Spar Uskedalen, tidlegare styreverv i Norgesgruppen, Kjøpmannshuset og medlem av Spar sitt kjøpmannsråd regionalt og nasjonalt.
Bente er engasjert i lokal samfunnet og kjenner godt til frivillige lag og organisasjonar, og saman med dagleg leiar Daniel Morso startar ho arbeidet med ny søknadsrunde i september.
Daniel Morso er engasjert i stiftinga ut året.
Det var 17 søkjarar til stillinga som dagleg leiar i stiftinga.”

Bente Lie Nilsen har no ei deltidsstilling som dagleg leiar i Rosendal Utvikling. Ho seier til Grenda at ho vil halda fram i den stillinga til dei har fått ny dagleg leiar på plass.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland