Hjønnevåg er nabo til område der ein jobbar med steinknusing. I brev til Kvinnherad kommune vert det peika på ulemper med støv som kan vera kritisk for ei verksemd som driv med matproduksjon. I skrivet som ligg på postlista kjem det fram at det skal jobbast med støv- og støydempande tiltak rundt arbeidet med steinknusing.

Hjønnevåg bed om svar på kva rutinar ansvarshavande har for å hindra støv. Verksemda har ikkje motteke skriftleg dokumentsjon. Svaret er at ein prøver å vatna ved behov. Det er dagar då ein er svært bekymra for kva konsekvensar det kan ha for ei verksemd som Hjønnevåg.

Brevet er sendt til Kvinnherad kommune v/ Synneve Skeie. Saka er under behandling.


Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat