Per Myklebust ( 80 år 20. febr.) og Ståle Eik ( 81 år 12. mai ) har halde saman sidan dei var 3 og 4 år. Ein fødsel oktober 1948 var truleg fyrste møte mellom dei. Fredsy, mor til Per, var ute i jordmorteneste då Audun Eik, bror til Ståle, kom til verda. Per var med til Kjærland der han møtte Ståle. Etter denne hendinga har Per og Ståle halde saman, særleg gjennom aktivitetane friidrett, fotball, skiløp og korpsmusikk.

Uskedal Musikklag markerte Per Myklebust 80 år.

Begge var med i Gutemusikken, skipa i januar 1956. Seinare vart det overgang til Uskedal Musikklag. Per kom tilbake til musikken er 35 års opphald, ei tid då han mellom anna var aktiv i fotballen og i arbeidet med teater og motorsportsenter.

Mange minnest Per Myklebust frå dansebandet Jubelgutta der han spelte trompet. Jubelgutta med Hans Gustav Mussland, Amund Matre, Rolf Sunde, Reidar Myklebust, Tor Bjelland, Bjørn Klette og Per Myklebust fekk namnet i ein namnekonkurranse på ein nyttårsdans i Helgheim tidleg på 1960 talet. Kven som stod bak namnet Jubelgutta er litt uklart, men Reidar Myklebust fortel at det var sambygdingen Egil Myklebust som kom med dette namnet. Andre er nemnd som opphavet til namnet. Veit du noko, så kom med det!

Per 80 år vart markert i går i Gamleskulen med musikk, kaffi, heimebakst, helsingar og god drøs.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal