Uskedal utvikling stiller spørsmål til Kvinnherad kommune angåande manglande merking av 5 stk betongkummar som står som sikring over bekkefar på Kjærlandsida i Uskedalen. Desse vart laga for nokre år sidan, men har aldri vorte merka med refleksskilt. Kummane er difor lite synlege i mørke og på regnfulle haustkveldar. Det er ikkje veglys på denne strekninga og fartsgrensa er 80 kmt på den delen av vegen der kummane står. Ved møtande trafikk og lys imot er det vanskeleg å sjå kummane og utfallet kan vera kollisjon. Trafikksikringsgruppa i Uskedal utvikling bed om ei utbetring snarast mogleg. Terje Natland i Tekniske tenester har lova å sjå på problemet og evt. få kummane merka med refleksskilt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal