På årsmøte til Uskedalen Utvikling vart det lagt fram årsrapport for nettsida uskedalen.no. Nettsida har vore i samanhangande drift sidan 2006. Arbeidet er på frivillig basis. Redaksjonen har ved fleire høve meldt frå til styret i Uskedal utvikling om avløysing og at yngre krefter trør til. Arbeidet er interessant og lærerikt, men krev noko tid om ein skal halda fram med nyhende og ei oppdatert side kvar dag. Eit framlegg er at ein tek uskedalen.no med i prosjektet LivogLyst og spør om ei undergruppe har interesse for redaksjonelt arbeid. Bilete er frå nyopninga av uskedalen.no i mai 2021.

Statistikken syner at i 2022 vart presentert i underkant av 1000 innlegg. Det er om lag same talet som året før. Lesartalet held seg stabilt med i overkant av 2000 unike maskinar i veka.


Sponsortalet er rundt 20. Kvar sponsor betaler kr. 3.300,- pr år eller yter andre former for tenester. Frå logoane vert det lagt link til heimeside eller Facebookside.


Nettsida – innhald
 Nyhende registrert i kategoriar
 Uskedal Idrettslag ( la ned si side – brukar uskedalen.no til informasjon )
 Historie m/ mellom anna Uskedalsposten digitalisert
 Bilete med m.a. dronebilete frå heile bygda
 Tenester: Elvefiske, fjellklatring, attraksjonar, overnatting og turstiar
 Tilbod: Handel, service, lag/organisasjonar, utleige, attraksjonar,
overnatting og matservering.


Etter fornying av nettsida våren 2021 har drifta vore stabil. Hans Ordin Østebø og Britt Iren Tjelle sikra alt som vart produsert og lagt ut gjennom 15 år i eit historisk søkbart arkiv. Alle sakene fram til 01.01.21 er overført til ny
uskedalen.no. Nyhende skal avspegla breidda av det som skjer i Uskedalen,og/eller med link til Uskedalen. Nokre skriv ferdige manus med bilete. Dei fleste forventar at redaksjonen skriv frå ulike hendingar, møte og arrangement. Det krev mykje tid, særleg dersom vi må delta og vera tilstades. Målet er at det skal vera ei ny sak kvar dag. Det er viktig med aktuelle saker om ein skal halda oppe lesartalet og interessa for nettsida.


Kristian Bringedal har vore ansvarleg for nettsida også i år. Takk til
kontaktpersonane og til alle som sender oss tips og bilete. Thor Inge Døssland hjelper til med skriving og faglege råd. Hans Ordin Østebø tek det tekniske i samråd med iDrift.

Her er litt statistikk 01. jan. 23 – 31. des. 23:
Gjennomsnitt besøk pr. dag: 588
Mest besøk:
29.12.2022         1152
20.06.2022         1138
22.06.2022         1006
31.03.2022         993
23.03.2022         946

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto