Uskedalen Båtlag held årsmøte torsdag 11.mars. Det var godt frammøte, og det vart ein fin gjennomgang av arbeidsåret 2020 og om den vidare drifta i laget. Rekneskapet viser eit godt økonomisk resultat. Båtlaget har innan utgangen av 2020 betalt all gjeld i selskapet. Det fører til handlingsrom for vidare utvikling av hamna. Hans Gustav Mussland held fram som leiar. Ny i styret er Edle Lomheim. Ho erstattar Anja Strùter som har vore kasserar i fire år. Styret elles er: Jan Henrik Hansen, Leif Jarle Bergstø, Jostein Hauso, Sigurd Myklebust og Egil Myhre.

Frå årsmeldinga les vi at eit år med korona har hatt innverknad på aktiviteten i Uskedal Båtlag. Styret har jobba godt med kontakt via telefon og ved nokre møte på plassen. Korona førte til utfordringar angåande besøk i hamna, og Båtlaget valte å fylgja tilrådingane frå Regjeringa og lokalt reiseliv.

Det vart tilsett vaskehjelp som utførte dagleg reinhald, Gjestene kunne føla seg trygge og styret har motteke positive tilbakemeldingar på tiltaket. Det har heile tida vore tett kontakt med kommunen om smittevernreglane og dagleg drift.

Strandstovo er populær, her brukt som øvingslokale for Uskedal musikklag.

Det var gjevnt tilsig av gjester gjennom sommaren og hausten. Tilreisande gjester møter ei fin og ryddig hamn.

Strandstova har vore arena for Uskedal musikklag som har lagt sine øvingar der. Strandstova har også vore brukt til feiringar og markeringar som til dømes burtsdagar.
Strandstova er videre blitt kjent i båtmiljøet, og mange ynskjer å bruka den ved besøk.

Pinsehelga gav utfordringar for Rabben, og plenen til Båtlaget vart nytta til bruk for gjester som ellers måtte finna andre lokalitetar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal