Basecamp Kvinnherad i regi av Friluftsrådet Vest starta i Uskedalen i går, måndag 21. juni og held fram til og med i morgon. Av maks 25 deltakarar er nokre nye, andre har vore med før. Heile seks instruktørar er med. Av dei finn vi Veslemøy Haugland, Solveig Haugland og Christoffer Fossli frå Uskedalen.

På opningsdagen var det Bli kjend aktivitetar før lunsj. Etter matpausen var det rett ut på aktivitetar som kano, fiske, klatring og andre inneaktivitetar. I dag, tysdag 22. juni, vert ungdomane delte inn i grupper og aktivitetane er kajakk, vassaktivitet, klatring og klyving.

Kajakk og vassaktivitetar er ein viktig del av programmet på Basecamp Kvinnherad ( Arkivfoto 2020 ).

Det er høve til å gjennomføra prøven for å få våttkort. Sverre Myklebust er instruktøren. Det same gjeld topptaukort – klatring. Christoffer Fossli er ansvarleg instruktør.

Alle har med niste på dagen. Middag på skulen er lagt inn i programmet kl. 16.00.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal