Det vart fult hus då 120 barn og vaksne var samla til basar i Uskedalen bedehus. Viljen til å la lommebøkene blø var stor, og mange heldige vinnarar fekk med seg flotte gevinstar heim.

Det vart som vanleg trongt på basaren, men veldig kjekt etter kvart som vinnarlukka slo til rundt borda, og takksemd vart uttrykt på ulike vis. Bordet med gevinstar bogna over, og den yngre garde fekk ein travel jobb med å dela ut. Resultatet vart svært bra, kasseraren sin kalkulator synte rett over 100 000 kr. Det er komme inn ved loddsalg i loddbøker på førehand og på basaren, i tillegg til åresalg og gåver gitt ifm basaren. Tusen takk til alle som støtta opp, både ved å kjøpa lodd, skaffa og laga gevinstar, og alt det praktiske rundt. Om nokon var så uheldige at dei ikkje vann noko, gjekk dei uansett heim med bodskapen om Guds rause frelsesplan for oss menneske, forkynt av Kåre Johan Hamre.

Den store viljen til å punga ut, vert ikkje mindre når vi klarar å få tak i så mykje flotte gevinstar. Mange lokale bedrifter støtta opp, og vi må takka desse for flotte bidrag: Sport1, Zjakk frisørsalong, Rosendal bokhandel, Mekk, Sport outlet, Byggern, Elkjøp, Auto 88, Kvinnherad bygg og fargehandlaren i Rosendal.

Inntektene frå basaren dekkar godt dei løpande utgiftene gjennom året. Overskotet går til vedlikehaldsoppgåver som står på vent: nye vindauge og ny kledning på fasaden mot vegen. Her er vi ikkje heilt i mål med finansieringa, men vi håpar det skal ordna seg etter kvart.

Bedehuset i Uskedalen har utvikla seg til å bli eit samlingspunkt på tvers av mange Kvinnherad-bygder, med faste søndagsmøter annakvar søndag (paratlsveker kl 11), i tillegg til anna barne og ungdomsarbeid. Det er mange som kjem på møta, men her er sjølvsagt plass om det er fleire som ynskjer å høyra kva Jesus har gjort for oss.

Foto: Anja N. Leite, Asgeir Hjelmeland
Tekst/Nett: Asgeir Hjelmeland