Den årlege basaren går av stabelen i morgon, laurdag 19. okt kl 15.

Det er no tid for basar på bedehuset, og det er komme inn mykje flotte gevinstar. For dei yngste er det lykkehjul, ellers vert det trekt gevinstar både på årer og loddbøker. Det vert også kaffi og noko å bita i, og sjølvsagt ei andaktstund. Vi har med oss Kåre Johan Hamre frå Indremisjonssamskipnaden denne gongen.

Kåre Johan ankom i går, torsdag, og talte på møte om det å søkja Guds Ord, og ha det som basis i kvardagslivet. Han er med oss på møte igjen i kveld kl 19, og på søndag kl 11. På søndag er det nattverd.

Håpar mange har anledning til å vera med oss desse dagane, både på basar og møter.

Kåre Johan Hamre, IMS
Tekst/Nett: Asgeir Hjelmeland
Foto: Lina Marie Berge Haugland og IMS