Barnetrim i hallen
Onsdager kl.17-18 blir det arrangert barnetrim i hallen i Aktivitetshuset. Alle barn i barnehagealder frå 23-kullet og oppover er hjarteleg velkomne til å delta.

Barnetrim i gymsalen er ein foreldredrevet aktivitet som har pågått i fleire år. Dette er ein kjekk møteplass for både barn og vaksne i bygda.
Alle barn i barnehagealder frå 23-kullet og oppover er hjarteleg velkomne til å delta saman med ein vaksen. Aktiviteten gir barna høve til å røre på seg, leike og ha det moro i lag med andre barn.
Det startar ofte med litt fri leik, før alle barna blir samla i ein sirkel. Dette bidreg til at barna blir kjent med kvarandre og lærer namna på dei andre. Vidare står leik eller dans på programmet, etterfølgt av den populære hinderløypa. Mot slutten av økta blir fallskjermen tatt fram, til stor glede blant barna. Avslutningsvis samlast gruppa i ein sirkel, syng ein song også blir det delt ut oppmøteklistremerke.
For dei vaksne er dette ein god arena for å bli kjent med andre føresette, noko som kan vera ein verdifull ressurs vidare i livet. Har ein barn i denne alderen, er ein velkomen til å møta opp i gymsalen onsdagar kl. 17–18. For meir informasjon sjekk ut Facebook-gruppa «Barnetrim i Uskedalen».
Tekst: Elisabeth Rosland Foto: Arkiv Nett: Marianne Korsvold