Mona Vetrhus er ute med si andre bok. Nattklubben på Samlaget er å få kjøpt, både i bokhandelen og på nettet. Lanseringa er lagt til 12. august, men alt no er boka å få kjøpt. Boka er didisert til sonen Åsmund og mora Venke. Boka er for for alle som slit med å få sova. frå 4 år og oppover. Boka høyrer til kategorien godnatthistorie. Bilete på topp syner Elisabeth Skogset, butikkmedarbeida på Noril Husnes. Til uskedalen.no fortel Mona Vetrhus om bakgrunnen for boka:

Det er på tide å gå i hi, seier mamma, men Veslebjørn vil ikkje sova. Besta fortel om nattklubbane i gamledagar, med diskokuler og hallingdans. Ho ønsker seg ein siste dans. Då mamma har sovna står Veslebjørn opp, får med seg besta, og saman snik dei seg ut på jakt etter ein ny nattklubb.

Illustratøren, Sebastian Meschenmoser, er anerkjend og internasjonalt kjend. Han har hatt utstillingar i mange land. Ho vart kjend med kunstnaren på ei reise i Europa for mange år sidan. Dei har halde kontakten. Mona er særleg nøgd med at han ville vera illustratør.

Då uskedalen.no var innom Norli Husnes, var boka godt synleg i hylla. Det fyrste eks. var alt seld tidlegare i dag.

Fyrsteopplaget av boka er på heile 2650 eks.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal