Følgjer opp fjorårets suksess.

I fjor arrangerte Barnas Turlag spikkekurs på Rødtunet. Det blei ein stor suksess med mange deltakande og glade barn. Komande laurdag følgjer den aktive gruppa i turlaget opp fjorårssuksessen. Som i fjor vert det mogeleg å spikka seg både smørjekniv og propellbåt som dei kan prøva i bekken. Seljefløyte kan dei også laga.
Nytt dette året er at deltakarane kan få prøva seg på litt karveskurd. Ståle Eik og Sigmund Fredheim blir nemleg med som instruktørar, og dei vil visa ulike teknikkar, og deltakarane kan få prøva å laga bilete av ulike dyr som t.d. delfin, ørn eller fisk. Kanskje kan dei også laga sitt eige namneskilt?

Stor aktivitet og stor suksess for spikkekurset i fjor.

Kurset, som passar for aldersgruppa 6 – 12 år, startar klokka 11 og ein reknar med å avslutta ca. kl.14. Arrangørane håpar sjølvsagt på opphaldsver, men skulle det bli nedbør, veit dei råd. Då blir aktivitetane flytta innomhus i den gamle røykstova og smia. Dei nemner at det er viktig å kle seg godt då det ikkje er varme der.

Deltakarane må ta med eigen spikkekniv.

Det blir salg av lappar, saft og kaffi.

Parkeringa blir på parkeringsplassen ved bøkkervekstaden. Vegen oppover mot Rødtunet blir bilfri sone då det vil føregå aktivitetar langs bekken.

Det ligg an til ein veldig kjekk dag. Det er viktig å melda seg på på førehand, og det gjer ein ved å gå inn HER.
Pris; kr 50,- pr person. Medlemmar i DNT går gratis (for ny- registrering av DNT medlem: https://www.dnt.no/medlem/blimedlem/ ) eller vi kan registrera deg som medlem på arrangementet. 

Propellbåtane kan dei testa i bekken.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Siv Framnes