Hadde eg vore barneforelder no, ville eg ha vore med i Barnas Turlag. Dei har eit så spennande, og ikkje minst variert tilbod at eg er sikker på at det vil gje både barna og foreldra opplevingar som dei vi ha med seg som gode minne resten av livet.
Berre den nærmaste tida vil dei mellom anna tilby lett tur med eventyrstund, isfiske og spikkekurs. Her er noko for alle barnefamiliar.
På bildet over ser vi to som kosar seg med fisk på tidlegare isfisketur.

Isfiske.

Klart til fiske. Spennande!!

Allereie lørdag 12.februar inviterer dei barn i aldersgruppa 8 – 12 år med foreldre med på ein særs spennande tur då dei skal på isfiske i Vikestølsvatnet. Dei startar frå Fjellhaugen Skisenter og tek trekket til topps.  Frå toppen av skitrekket slepper dei seg ned til Bergstølsvatnet som er ca. 1,3 km langt. Totalt er turen på 3,5 km inn til Vikastølen. Dei opplyser at det kan vera litt utfordring på returen då dei skal renna ned traseen
ved skisenteret. Dei graderer derfor turen til vanskegrad middels.

Turlaget har ein del utstyr som isborar og pilkeutstyr, og dersom dei får fangst, vil det òg vera mogeleg å få ein prøvesmak av rykande, fersk fjellaure rett frå panna. Likevel må ein sjølvsagt ha med niste og drikke. Denne turen var tillyst i fjor, men måtte avlysast p.g.a. koronasituasjonen. Ei gruppe av dei som skulle arrangera tok likevel turen, og den blei særs vellukka, – ein tur fyllt av spennining, idyll og opplevingar for livet. Dei som ønsker å vera med på denne turen, må hiva seg rundt og melda seg på, for påmeldingsfristen er i morgon, 10.februar.

Jammen blei det flott fisk!!

Tur med eventyrstund.

Koseleg å avslutta tur med eventyrstund!

Dagen etter, søndag 13.februar, kan dei som ønsker det vera med på ein koseleg, lett tur som blir avslutta med eventyrstund på Hestasletto i Rosendal. Dei møtest på parkeringsplassen til Baronihagen og går grusvegen rundt Omshagen til Hestasletto. Der skal dei ha ei hyggestund der Vibeke Fredheim fortel eventyr. Dei skal også fyra opp bålpanna og servera varm kakao så det blir nok retteleg koseleg både for små og store. Turen startar kl.13.

Spikkekurs på Rødtunet.

Frå spikkekurset på Rødtunet i fjor.

Litt lenger fram i tid, nærare bestemt, 21.mai, gjentar dei fjorårssuksessen med spikkekurs på Rødtunet. På dette kurset vil det vera mogeleg å spikka leiker, for eksempel sprettert til å sprekka ballongar med, smørekniv, propellbåt til leik i bekken, knaggar og eigne fantasifigurar. Kort sagt: deltakarane får læra seg å laga nyttige og unyttige ting i tre.
Dei vil og læra om sikker bruk av kniv, sag og øks.

Spikkekurs – gøy for små og store!

Det er Siv Framnes som er leiar i Barnas Turlag. Saman med seg i styret har ho dei to andre uskedelingane Jan Øvstebø og Kjellrun Eik, og Lise Egeland og Anna Totland Lunestad.

Elles finn de ein god oversikt over alle aktivitetar i regi av Kvinnherad Turlag denne våren HER.

Kvinnherad Turlag har årsmøte i morgon, 10.februar, kl.18 i Golfhuset på Husnes.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Grenda v/Morten Nygård, Sindre Thoresen Lønnes og Barnas Turlag.