Det som før var ei oppgåve for dei vaksne, tek born og unge på strak arm i dag. Det gjeld deklamasjon av diktet Ved Bautasteinen, skrive av Olaf Agnar Gausvik og nedlegging av blomekransar, alt gjennomført prikkfritt med stor grad av trygghet. Bilete syner f.v: Sina Annabelle Øye-Hansen og Vilde Helgesen.

Vilde Helgesen og Sina Annabelle Øye-Hansen.

Minnemarkeringa ved Bautasteinen er eit fast innslag i 17. mai programmet. 5. klasse elevane les diktet til Gausvik. Alle namna på steinen vert nemnde og bakgrunnen for ufreden 1807 – 1814 kjem klart fram.

På krigsminnesmerke på Stemneplassen vert det lagt ned blomar. Minnesmerke vart reist i 1995. Tor H. Myklebust var i si tid sentral i montering og utforming av steinen. Det står eit namn på steinen. Det er sjømannen, Hans L. Lande, som omkom i torpedering av D/S NORSE KING romjula 1942.

F.v: Ebba Hermann Fossli, Nelly Borgen Hermansen og Anders Flygansvær Feet.

Uskedal Musikklag spelar ved Bautasteinen. Uskedal Skulemusikk har den same oppgåva på Stemneplassen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal