Til neste møte i Kvinnherad kommunestyre er det sak om hundehald og bandtvang. Føremålet med forskrifta er å fremja eit godt og forsvarleg hundehald som tek omsyn til trivsel og tryggleik for folk og dyr. Målet gjeld også vern om vilt og medverka til at hundar ikkje jagar eller uroar bufe på beite. Bandtvang, slik det er skrive i forskrifta, gjeld for heile kommunen. Forskrifta utfyller Føresegn om hundehald slik det er skildra i Hundeloven. I Kvinnherad kommune skal hundar haldast i band heile året på fylgjande stader: Kyrkjegardar, gravplassar, skular, barnehagar, leikeplassar, badeplassar og alle anlegg for idrett og sport. I tillegg skal hundar haldast i band i Fatlandskogen aktivitetsområde på Halsnøy.

Den ordinære tida for bandtvang gjeld frå 1. april til og med 20. august. På område der husdyr beitar og der bufe har rett til å beita er tida utvida t.o.m 1. november.

Hundehaldar har plikt til å fjerna avføring som hundar legg att på og langs offentlege vegar eller i andre område som er tilgjengeleg for ålmenta i tettbygd strøk. Det same gjeld også på badeplassar og på og langs turvegar.

Bandtvang gjeld ikkje når hund vert brukt til jakt, jakttrening eller til jaktkprøven.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal