Bandspelar - gåve frå Nils Raudstein. Har du spoleband med opptak av kulturhistorisk verdi.
Uskedal Historielag fekk nyleg overlevert ein Tandberg bandopptakar. Det er ei gåve frå Nils Raudstein. Bandspelaren, truleg frå 1960 talet, er like fin som ny, lagra i orginal eske med radioforhandlar T. Stordegjerde, Rosendal , som mottakar. T. Storegjerde dreiv som radio- og TV forhandlar i Kvinnherad. Tape Recorder var namnet på engelsk.

Bandspelaren er norskprodusert på Tandberg Radiofabrikk. Vebjørn Tandberg var sivilingeniør og starta radiofabrikken i 1933. Tandberg dreiv stort innan produksjon av radio, bandspelar, fjernsyn, seinare stereoutstyr og datautstyr. Radionette var eit anna varemerke som vart kjøpt opp og slegne saman med Tandberg. I 1978 var det slutt. Tandberg gjekk konkurs.
Bandspelaren frå Nils Raudstein går inn i det som vert kalla Tandberg serie 14. Med spoleband kunne ein gjera opptak og spela av tale og musikk. Dette var før kassettspelaren si tid. På mange skular var det bandspelarar som vart brukte i undevisninga.
Uskedal ungdomslag har alt nokre spoleband i sitt arkiv. Dersom du har band med opptak av kulturhistorisk verdi, vil det vera viktig for arbeidet i Uskedal Historielag. Opptaka bør ha allmenn interesse, men det meste er nyttig å få vita om.
Det kan vera opptak frå:
- Spelstykke i ungdomslaget
- Talar/kåseri/diktlesing
- Samtale med personar – intervju
- Livsminne
- Opptak frå konsertar i musikklaget
I arkivet er det alt eit titals kassettar frå samtale med eldre folk.
Ta kontakt med Uskedal historielag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal