Ballbingen tek form - betongen kjem i komande veke.
Det har vore dugnad på klargjering av ballbingen for støyping i dag. Arbeidsleiar har vore Steinar Haugland. God hjelp fekk han av Tor Øystein Myklebust og Runar Myklebust. Arbeidet gjekk ut på å montera elementa som ei forskaling før støyping. Forskalinga er sikra med 22 mm armering. På toppen kjem det eit blekkbeslag. Det vil gå med om lag 7 kubikk betong for å fylla alle elementa.
Ballbingen med ein storleik på 15 X 9,5 meter er ein fleirbruksbane som kan brukast til fotball, men også for isleik. Kunstgraset har ein kvalitet som gjer at ein kan leggja på vatn for is. Inngangen kjem midt på eine langsida. Vantet, veggen rundt, har ei høgde på 90 cm, noko som gjer at ein til ei kvar tid kan sjå kven som er inne på banen.
Ballbingen inngår i eit større prosjekt i aktivitetsparken ved kunstgrasbanen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal