Uskedalen.no fekk koma bak scenen minuttane før det heile braka laust fredag kl. 18.00. Det er selskapet Konsert Systemer som har all rigging og scenearbeid. Det er eit stort og omfattande arbeid. Verksemda sine eigne riggarbeidarar har det mest krevjande arbeidet. Frivillige med Jarle Bruntveit som gruppeleiar gjer ein kjemejobb. I sentralen bak har ein kontrollen på skjerm. Skjerm på område syner konsertane på scenen. Neste oppdrag for Konsert Systemer er Bygdalarm i Kvam før turen går til Tysnesfest der ein faktisk har to like store scenar i bruk. I Seljord har firma sceneriggen både på Dansebandfestivalen og Countryfestivalen. Ein av medarbeidarane har også oppdrag med einskilde band i Tyskland.

Fredag, nøyaktig kl. 18.00, braka det laust med den fyrste konserten.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal