Det føreligg to klagesaker til møte i Kommunestyret i dag, torsdag 23. februar. Saka gjeld Detaljregulering for Børnes Næringsområde. Den eine klagen har avsendar Liv Astrid Myhre m/ fleire. Den andre klagen kjem frå Hjønnevåg. Begge bed om at at saka vert sendt ut på ny høyring. Bakgrunnen er at det er gjort vesentlege endringar i planen etter siste høyrig. Innhaldet går særleg på massehandtering, støy og støv ved steinknusing på område. Administrasjonen ved saksførebuar Rune Helland er ikkje samd med klagarane. Han hevdar at det ikkje er naudsynt med ny høyring og innstiller på at ein ikkje tek klagen til fylgje og dermed held på vedtaket frå 27.10.22. Det er ei omfattande sak som skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, justis og forvaltningsavdelinga, for endeleg avgjerd. Drøftingane i kommunestyret vert sendt på kommuneTV frå kl. 10.00

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto (Drone - Hans Ordin Østebø)