
Avtale om bruk av kunstgrasbanen i Uskedalen i tida då banen i Rosendal vert opprusta med nytt dekke.
Det kjem nytt kunstgras på banen i Rosendal. Banen vert delvis stengt i anleggstida. Det er inngått avtale med Uskedal idrettslag om bruk av kunstgrasbanen i Uskedalen. Avtalen gjeld frå 01. feruar og ut april. I denne veka kom Rosendal Jenter 16 til Uskedalen for trening. Nokre av jentene er frå Uskedalen. Gjer mersam på at ein spelar mangla då bilete vart teke.
Sidan Uskedalen ikkje har eigne fotballag for tida, er ungdomen med i Rosendal.
Alle Rosendalslaga kan bruka banen i Uskedalen i den perioden. Tilsaman utgjer det 8 lag. Trenarane for Jenter 16 er Morten Leganger og Bente Musland Haveland. Bente kjem frå Uskedalen – bur i Omvikdalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal