To klassar frå Kvinnherad vidaregåande skule avlsutta skuleåret med tur til Haugland skulemuseum torsdag 12. juni. I tillegg var alle samla til hageparty på Kjærland. Lærarane var Margun Eik og Jarle Haktorson. Klassane 2STA og 2STB ( studiespesialiserande ) fekk i to grupper vita meir om krinsskulen, slik det var i mange bygder fram til på 1960 talet. Besteforeldra deira har truleg vore elevar på ein slik skule. Bilete på topp syner ei av dei to gruppene.

Bibelsoga – eleven står ved pulten og les leksa.

Etter ei generell innføring, vert alle invitert til å vera med i roller. Skuledagen startar med salmesong eller annan høveleg song. Frammøte vert registrert i skuleprotokollen. Så kjem timane med mellom anna Bibelsoga, norsk, rekning, landkunna og song.

Ein annleis skuledag, kan vi trygt seia.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal