Uskedalen.no er varsam med å skriva personalia. Redaksjonen gjer eit unnatak med Thor Inge Døssland, når han i dag hadde sin siste arbeidsdag og vert pensjonist 67 år gamal. Eit langt yrkesaktivt liv som pedagog er sluttført. Den siste dagen vart dessutan noko utanom det vanlege. Thor Inge avslutta nemleg sitt yrkesaktive liv ved både å vera sensor og eksaminator i norsk munnleg på Vaskenopplæringa i Kvinnherad, og det på ein og same dag.

Mange i Kvinnherad kjenner Thor Inge Døssland, den samfunnsengasjerte læraren med den gode pennen, kunnskapsrik og alltid like oppdatert. Den siste store saka i media var Skulebruksplanen med framlegg om å leggja ned skular og barnehagar. Før det var det vindkraft. Andre tema Døssland er engasjert i, er kommunal drift og administrasjon. Den største saka er likevel inkludering og integrering av våre nye landsmenn. Thor Inge syner meir enn andre stor interesse og hjelper dei som treng det mest, administrativt og praktisk. Det kan vera noko så viktig som hjelp med å skriva søknader og ikkje minst å vera referanse.

Etter avslutta lærarskule og vidareutdanning på Stord 1980 gjekk turen til Sandeid barne- og ungdomsskule før det vart Kvinnherad, fyrst eit år på Rsoendal ungdomsskulen, seinare på Husnes ungdomsskule og Undarheim skule. Frå 2008 og til i dag har tenstestaden vore Vaksenopplæringa i Kvinnherad. Elevflokken er alt frå flyktningar til arbeidsinnvandrarar. Thor Inge har for det meste undervist i norsk og samfunnskunnskap. Prosjektarbeid med tema Jobb i sikte har hjelpt mange flyktningar og innvandrarar med å bli integrert i det norske samfunnet.

To store hjarteoperasjonar sette ikkje ein stoppar for Thor Inge sitt engasjement. Det gjeld heller ikkje interessa hans for korpsmusikk. Der Thor Inge dukkar opp, er alltid tubaen med. Det kan vera langt inne i Blådalen eller ved artige stunt på Facebook.

Nokre spør no: Har “redaksjonsekreteren” tankar om å overta redaktøransvaret for uskedalen.no. Nettstaden treng skriveføre personar. For det er nemleg slik at dersom du gir Thor Inge ein penn, er du garantert eit innlegg.

Tekst/nett: Kristian Bringdal
Foto: Birte Bruvik