Det nyskipa Uskeal Historielag fekk kommunalt avslag på søknad om investeringsmidlar til opparbeiding og tilrettelegging for arkivrom på Stemneplassen. Det vart innan fristen søkt om kr. 20.000,-. Til søknaden vart det dokumentert materiellkostnader på kr. 10.000,- og arbeid/dugnad på den same summen, tilsaman kr. 20.000,-. I søknaden vart det framheva at tiltaket må definerast som eit pilotprosjekt i kommunen. Så langt vi kjenner, til finst det ikkje eit systematisk og fagleg tilrettelagt arkiv på bygdenivå i kommunen. På Rådhuset er det ei lokalsamling, men sjølv ikkje der er arbeidet prioritert, heller ikkje på biblioteket på Husnes. Historielaget vil søkja på nytt og på den måten halda fram å finna finansieringsmodellar for eit lokalt arkiv i Uskedalen. Arkiverommet er operativt og innsamling og registrering er komen godt i gang. Bilete er henta frå det siste møte i Uskedal Historielag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal