Opplasting av THK traileren gjekk etter oppsett plan i dag. På Hellesøy Verft møtte mellom 25 – 30 personar fram og var med på jobben. Like stor var den frivillige hjelpa i Uskedalen. Dagleg leiar i THK Haugesund, Vidar Akselsen, var med på opplastinga i Kvinnherad. Han er storleg imponert over innsamlinga og den store interessa for saka.

Klar for avreise i morgon, onsdag 8. april.

Det vart ikkje plass til alt som er samla inn. Det vert organisert ekstra transport frå Uskedalen til lagerhallen på Bygnes på Karmøy.

Reiseruta er endra. Turen går gjennom Tsjekkia og Slovakia fram til byen Ozjhorod inne i Ukriana. Det har vore gjort før også. Om ikkje hadde det vore levering og omlasting på grensa lenger nord.

Innsamlingsleiar i Kvinnherad, Tormod Myklebust, takkar alle for god hjelp. Ikkje minst takk til Kvinnherad Vekstbedrift for gratis lagerplass, likeins til SPAR Uskedalen som kvar gong det er lasting, kjem med brus, saft, vatn og andre forfriskningar.

Vidar Akselsen i THK Haugesund er storleg imponert om innsatsen med innsamling, lagring og transport i Kvinnherad.
Lasting på Hellesøy Verft.

THK Haugesund har nyss høgtida 30 år med hjelpesendingar til Ukraina. Vidar Akselsen har vore med i over 25 år.

Det er lagt opp til returlast frå Polen til Noreg. Det er som oftast kontormøblar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal