Auto 88 i Uskedalen med Thord Paulsen frå Odda som eigar kan skilta med eit variert og utvida tilbod for bilistane, alt frå bilberging og verkstad til bilpleie. Ny vaskehall er på plass. Det same med nye pumper og ADBlueanlegg, Skilting og profilering er friska opp. Taket over drivstoffpumpene skal hevast for å få plass til lastebilar og bilar med større høgde. Til nyopninga var mange innom. Det var kake og drikke til alle, gratis spylarvæske og mange andre gode tilbod. Bilete syner eigaren Thord Paulsen ( nr. 2 frå høgre ) saman med tilsette i Uskedalen. F.v: Christian Stensletten, Mai-Lis Stensletten, Mailin-Elise Tjomsland Eik, Bjørn Inge Eik Gjerde og Even Mikal Rasmussen Haraldsen.

Mange nytta høve til å vera med på nyopninga. Knapphusfasaden og skiltprofileringa er friska opp.

Thord Paulsen er godt nøgd med utviklinga i Uskedalen sidan han gjekk inn og kjøpte Auto 88. Paulsen er stor på bilberging, det å hjelpa kunden med alt innan bil. Han har agentur på bilberging for NAF, Falck og Viking. Det totale tilbodet er avgjerande for vekst og utvikling. Utleige av bil er også ein del av konseptet. På verkstaden og stasjonen i Uskedalen er det fire tilsette.

Gratis spylarvæske til alle som kom innom Auto 88 .

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal