Auto 88 i Uskedalen er i utvikling og vekst. Det skjer mykje og mange nye tiltak er på gang. Kort tid etter at uskedalen.no skreiv om Thord Paulsen frå Odda som ny eigar, vart det tilsett ein mekanikar til på verkstaden. Verkstaden har alle godkjenningar, mellom for å ta EU kontrollar. Innan kort tid vert vaskehallen oppgradert med kortautomat, nytt golv og nytt utstyr. Det er lagt opp til markering og nyopning i mars/april. Bilete f.v.: Mailin-Elise Tjomsland Eik, Bjørn-Inge Eik Gjerde, Thord Paulsen ( eigar ), Even Mikal Rasmussen Haraldsen, Mai-Lis Stensletten og Christian Stensletten.

Auto 88 startar med sal av ATV og påhengsmotorar.

Thord Paulsen er landskjend for akiviteten sin med bilberging. Uskedalen er sentralen i Kvinnherad med tre bergingsbilar klar for å ta hand om alle former for bileberging, alt frå ulyd i bilen og stopp til større akjsonar. Nytt er det at Auto 88 startar med sal av ATV og påhengsmotorar. I resepsjonen kan du alt sjå eit eks. av ATV for sal.

Det er med andre ord mykje nytt på gang og meir vil koma utover i 2022.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Auto 88/ Kristian Bringedal