På nyopninga i dag på Auto 88 fekk uskedalen.no omvisning og demonstrasjon av den nye vaskehallen. Leverandør er Andre` Svendsen frå PROFFIA AS. Han fortel til uskedalen.no at det er ein komplett vaskehall med det nyaste og beste av utstyr som finst i markedet. Investeringa i Uskedalen ligg rundt kr. 300.000,-. Det er kombiutstyr med høgtrykkspylar, skinnesystem, lanser og svanger. Betalingsløysinga er fleksibel med tre ulike alternativ, – bruk av pollettar, mynt eller kort. Avfetting er ein del av tilbodet. Kvar teneste har sin fargekode. Bruken er difor enkel og funksjonell. Meir frå nyopninga kjem i eige innlegg.

Andre Svendsen frå firma PROFFIA AS syner det nye vaskesytemet i Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal