Auke i trafikken på Oslo-ruta over Stord Lufthamn.
Etter at staten frå 01. april inkluderte flyruta Stord-Oslo i sine FOT-ruter har passasjertala på Osloruta auka. DAT nyttar flytypen ATR-42/500 på ruta. lyet har 50 passasjerseter og flytida Stord-Oslo er på 50 minuttar. I april nytta 3.349 personar seg av DAT sine rutefly over Stord lufthamn. Kabinfaktor var på 53,3%. I mai nytta 4.094 personar seg av ruta. Kabinfaktoren var på 64%. Samanlikna med førre månad utgjorde dette ein vekst på heile 745 personar eller 22,2%.
I førre veke nytta 1.081 personar seg av DAT si Oslorute på Stord lufthamn. Kabinfaktoren var på heile 72,1%. Dette er den høgaste kabinfaktoren ein har registrert sidan oppstarten av den statlege FOT-ruta.
Årsaka til den positive trafikkutviklinga er gode rutetider, rimelege billettprisar samt gratis parkering på Stord lufthamn. Regularitet og punktlighet på ruta har vore svært god.
Tekst/foto: Jan Morten Myklebust - Stord Lufthamn Nett: Kristian Bringedal