Auke i bruken av gravlykter i myrketida.
Det er ein merkbar auke i bruken av gravlykter på kyrkjegarden, særleg i myrketida, frå november og ut til februar månad. Mange ventar med tenning til tida nett før jul. Nokre ventar faktisk heilt til juleafta. Det er lykter med ulike brennetid. Vanlege stearinlykter brenn i 2 – 3 døger. Det siste i sortementet er batterilykter som brenn i 8 veker. Gro Hjelmeland på Gro`s Blomster syner oss ulike gravlykter og fortel om bruken. Bruk av lys på gravminna tok til for mange år sidan. Det er etterkvart vorten ein tradisjon som aukar med åra.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal